Denne annonsen har utløpt.
Brenner du for strategi og prosjektarbeid?
Mandatet til Helse Vest RHF er å sørgje for at alle innbyggjarane på Vestlandet har tilstrekkeleg og god tilgang på helsetenester som er trygge og fagleg forsvarlege. Det er Stortinget og Regjeringa som bestemmer rammene for kva som er den offentlege helsetenesta vår og dei overordna prioriteringane for helsetenesta. Helse Vest RHF er eigaren av helseføretaka, som utgjer føretaksgruppa Helse Vest.
Eigaravdelinga handterer dei formelle sidene ved eigarskapet. Ei av dei viktigaste oppgåvene i avdelingane er knytt til utarbeiding av strategi og utviklingsplanar og sikre gjennomføring av desse.
Arbeidsoppgåver
Du vil få eit heilskapleg ansvar for å sikre at vi leverer på våre mål og tiltak definert i vår verksemdstrategi (Helse 2035) og utviklingsplan. Du vil samarbeide tett med leiinga i Helse Vest RHF og leiinga i helseføretaka i regionen.
Hos oss kan du bidra til å utgjere ein forskjell i utviklinga av spesialisthelsetenesta og vår digitale framtid. Planane for Helse Vest RHF skal vidareutviklast og koplast mot nasjonale føringar frå Stortinget og regjeringa. Vårt strategiarbeid skal bidra til at spesialisthelsetenesta og i framtida kan nå dei overordna måla som er satt for tenesta.
Dine arbeidsoppgåver blir mellom anna:
- sikre gjennomføring av strategien for verksemda (Helse 2035) og utviklingsplanar
- rapportere og følge opp tiltak tilhørande strategien
- samarbeide med leiinga, styringsgruppe og andre fagpersoner
- leie og delta i ulike prosjekt
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule
- erfaring frå å leie prosjekter på strategisk nivå inkludert å etablere og gjennomføre prosjektplanar
- god strategisk forståing, erfaring med å skaffe oversikt og å sjå heilskapen
- svært god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- strukturert og systematisk arbeidsform
- dyktig relasjonsbygger
- erfaring med å gjennomføre og levere resultat
- trivst godt i samspel med andre menneske, og ønsker å spele dei rundt deg gode
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit kunnskapsbasert miljø på eit strategisk nivå
- Sosialt og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP
- Om du synes dette høyrast interessant ut, håper vi du ikkje nøler med å ta kontakt!
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Vest
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Nærmare 29 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er 70 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 30 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2023.
Søknadsfrist | 10.01.2022 | |
Stillingsnavn | Prosjektleiar, Plan og strategi | |
Oppdragsgiver | Helse Vest | |
Arbeidssted | Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger, Norge | |
Fylke | Rogaland | |
Ansettelsesform | Fast | |
Heltid/deltid | Heltid | |
Antall stillinger | 1 | |
Bransjekategori | Administrasjon / Kontor / Personal Konsulenter / Frie yrker Offentlige tjenester / Forvaltning |
|
Sist endret | 10.01.2022 23:11 |