Vil du jobbe for auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv?

 

Om stillinga

I Kompetanse Noreg jobbar vi mot eit felles mål; alle skal kunne lære heile livet. 

Seksjon for kompetanseutvikling i arbeidslivet har ledige stillingar, ein fast og ein midlertidig i to år, som rådgjevar/seniorrådgjevar. 

 

Seksjonen har ansvar for å halde oversikt over, og utvikle etter- og vidareutdannings feltet i Noreg, medrekna kompetanseutvikling i arbeidslivet, utvikling av tilskot til bransjeprogram, og fleksible vidareutdanningstilbod. Vi hjelper også Kunnskapsdepartementet i deler av arbeidet kring Kompetansereforma. Seksjonen har og ansvar for å følgje opp Nasjonal kompetansepolitisk strategi og å koordinere prosessar kring Kompetansepolitisk råd. Vidare har seksjonen ansvar for arbeid med realkompetansevurderingsfeltet og samarbeid med partane i arbeidslivet. Seksjonen er også NVL-koordinator. 

 

Det er seksten tilsette i seksjon for kompetanseutvikling i arbeidslivet, og han er ein av tre seksjonar i avdeling for arbeidsliv og kompetanse. 

Tiltreding etter avtale 

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.


 
Arbeidsoppgåver

  • oppfølging av Kompetansereforma
  • ha oversikt over og bidra til utvikling av etter- og vidareutdanningsfeltet i Noreg, med vekt på kompetanseutvikling i arbeidslivet
  • utvikling av tilskot som skal bidra til at fleire kan lære heile livet, slik som bransjeprogram, fleksible vidareutdanningstilbod og regionale kompetansepilotar
  • følgje opp Nasjonal kompetansepolitisk strategi og koordinere prosessar kring Kompetansepolitisk råd
  • arbeid knytt til regional kompetansepolitikk
  • bidra i arbeid med utgreiing av digital etter- og vidareutdanningsplattform
     

Kvalifikasjonar

Vi krev:

  • tre til fem års relevant høgare utdanning, til dømes med samfunnsvitskapeleig og liknande utdanningsretningar i fagkrinsen. Relevant erfaring kan kompensere noko for kravet til utdanning
  • erfaring med å skrive faglege tekster
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god brukarkompetanse på IT


 
Det er ein fordel med:

  • god kjennskap til kompetansepolitikken
  • god kjennskap til etter- og vidareutdanningsfeltet og læring i arbeidslivet
  • god kjennskap til/forståing av samarbeid med partane i arbeidslivet  
  • god kjennskap til politiske prosessar
  • minst to års relevant arbeidserfaring
  • erfaring med å skrive policy-innspel
  • god kjennskap til prosjektmetodikk og prosjektleiing
  • god kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og regelverk
  • god kjennskap til det norske utdanningssystemet

Vi ønskjer at du

  • evnar å arbeide sjølvstendig og systematisk
  • har gode samarbeidsevner
  • er initiativrik og løysingsorientert
  • har ei positiv innstilling til nye utfordringar

 

Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga.


 
Vi tilbyr

  • høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein organisasjon i vekst
  • utfordrande oppgåver
  • kompetanseutvikling
  • fleksibel arbeidstid
  • godt tilrettelagte lokale i Oslo sentrum
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2 % av lønna til lovfesta innskot 
  • lønsplassering etter kompetanse:
  • rådgjevar/seniorrådgjevar vert lønt mellom kroner 532 300,- og kroner 655 400,-. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Nyutdanna vert innplassert som førstekonsulent med lønn mellom kroner 449 300 og 513 600.


 

Kontaktperson

Namn: Seksjonsleiar Margrethe Marstrøm Svensrud

E-post: [email protected]

Telefon: 915 36 266

 

Offentleg søkarliste 

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Søkarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand. 

 

Om Kompetanse Noreg

Gode ordningar for læring gjennom hele livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Kompetanse Noreg jobbar for at alle skal kunne lære heile livet, slik at flest mogleg har den kompetansen som trengs.

Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk under Kunnskapsdepartementet. Vi har kontor i Oslo, Bergen og Tromsø.

 

Søknadsfrist: 9. desember 2019

Klikk her for å søke på stillingen.