Vil du jobbe for økt deltakelse i arbeids- og samfunnsliv?

Om stillinga

I Kompetanse Noreg jobbar vi mot eit felles mål; alle skal kunne lære heile livet. Nå søker vi ein initiativrik, erfaren og fagleg trygg kommunikasjonsrådgjevar som brenn for målet vårt, og som vil vere med å synleggjere kompetansepolitikken og Kompetanse Noreg. Vi søker deg som har gode idear og dokumentasjon på høg gjennomføringsevne.

Som kommunikasjonsrådgjevar hos oss vil du jobbe strategisk og operativt med samfunnsoppdraget. Du blir ein del av eit kommunikasjonsmiljø med høg kompetanse, og får bidra til å vidareutvikle kommunikasjonsarbeidet vårt, jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde og høve til å utvikle deg fagleg. Les meir om oss her: kompetansenorge.no

Vi ønskjer at du kan identifisere deg meg Kompetanse Noreg sine verdiar; modig, open og resultatorientert.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.


Arbeidsoppgåver

  • planlegge og gjennomføre interne og eksterne kommunikasjonstiltak
  • produsere innhald som tekst, presentasjonar, foto, film.
  • støtta leiinga med å skrive talepunkt og bodskapsnotat
  • forberede mediesaker og løfte fram våre bodskap
  • ivareta kommunikasjonsfagleg kompetanse i prosessar, og delta etter behov i ulike prosjekt og arbeidsgrupper
  • kontinuerleg samarbeid med avdelingar og seksjonar på tvers i direktoratet

 

Kvalifikasjonar

Vi krev:

  • relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
  • særs god skriftleg og munnleg formulerings- og formidlingsevne på norsk og engelsk
  • solid erfaring frå strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid, inkludert mediehandtering
  • erfaring med utforming av bodskap og tekstproduksjon 
  • erfaring med bruk av digitale kommunikasjonsverktøy- og kanalar

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå internkommunikasjon og videoproduksjon
  • erfaring frå offentleg sektor

 

Vi ønskjer at du

  • er god til å samhandle og byggje relasjonar
  • er særs løysingsorientert og jobbar sjølvstendig
  • er analytisk og samfunnsorientert  
  • har evne til å handtere mange aktivitetar samtidig på ein god måte
  • har høg arbeidskapasitet og leveranseevne
  • er kreativ

Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

 

Vi tilbyr

  • høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein organisasjon i vekst
  • utfordrande oppgåver
  • kompetanseutvikling
  • fleksibel arbeidstid
  • godt tilrettelagte lokale i Oslo sentrum
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2 % av lønna til lovfesta innskot 
  • lønsplassering etter kompetanse: 
    • rådgjevar/seniorrådgjevar vert lønt mellom kroner 532 300,- og kroner 667 200,-. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast


Du må rekne med noko reiseverksemd. Tiltreding etter avtale.

 

Kontaktperson

Namn: Avdelingsleiar for kommunikasjon Guro Aardal Hagen 

E-post: [email protected]

Telefon: 952 05 503

 

Offentlig søkarliste

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Søkarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.

 

Om arbeidsgiveren

Gode ordningar for læring gjennom hele livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Kompetanse Noreg jobbar for at alle skal kunne lære heile livet, slik at flest mogleg har den kompetansen som trengs.

Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk under Kunnskapsdepartementet. Vi har kontor i Oslo, Bergen og Tromsø.

Sted: Karl Johans gate 7, 0103 Oslo

Søknadsfrist er 8. desember.  Klikk her for å søke på stillingen.